Artikkel smp - Viking Gjenvinning AS

Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Donec commodo sapien et dapibus consequat.
MENY
MENY
Go to content

Selskap på Godøya har skaffa seg forsprang på konkurrentane

Lokalt selskap på viking-tokt i ny bransje
Gamle båtvrak er og blir eit stort miljøproblem. Men no tilbyr staten vrakpant og eit lokalt selskap gratis transport.
Publisert: 29.10 2017 18:54 - Sist oppdatert: 29.10 2017 23:49

I Geilevika på Godøya har nystifta Viking Gjenvinning AS funne ut korleis ein kan gjere god butikk av gamle båtvrak. Eit industriområde på 4.000 kvadratmeter, der det tidlegare var fiskemottak, er under ombygging. Anlegget blir unikt.

– Vi er det einaste behandlingsanlegget i Norge som i tillegg har etablert mottak, forklarer Geir Istad.

På kort tid har dei fått hand om 50–60 større båtar. Og ein heil haug med mindre.

Har ikkje budsjett
Istad, som kan sjå tilbake på eit langt yrkesliv i gjenvinningsbransjen, og industribyggar Ken Andre Breivik, eig kvar sin halvpart i selskapet. I tillegg skal sønene Per-Kristian Istad og Harald Breivik inn som eigarar. Selskapet har to tilsette, men skal snart bli fire. Istad har ikkje har budsjett eller mål om omsetning her og no.

– Men vi har hatt stor pågang, dette har eit enormt potensial.

Romsleg statstilskot
Allereie no, heilt i starten, er det råd å gjere god butikk. Frå 1. oktober starta nemleg ei ny, statleg ordning for kasserte fritidsbåtar.

Viking Gjenvinning får offentleg tilskot til henting av båtar. Tilskotet er regulert etter vekt, Viking Gjenvinning får 11 kroner kiloen. Det er såpass romsleg at dei kan tilby å hente båtar frå 15 fot med ei vekt på inntil tre tonn i Møre og Romsdal, i område der det ikkje er etablert mottak.



MOTOR: Denne båten gjekk ned ved kai. Men det skal meir til for å knekke ein solid Sabb-motor og han går truleg til gjenbruk. – Går sveiva rundt, så virkar han, forsikrar Per-Kristian Istad. FOTO: STAALE WATTØ



GLASFIBER: Brann øydela denne båten. Men på Godøya blir glasfiber klipt i bitar. Motoren om bord skal nøye granskast, delar kan bli tatt ut og seld vidare. FOTO: STAALE WATTØ


For mottak finst, selskapet har gjort avtale med 40 kommunar og samarbeider i tillegg med private aktørar om mottak på Åndalsnes, Kristiansund og Smøla. Det blir jobba med å få på plass fleire mottak i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag.

– På kommunale mottak kan eigarar levere inn båtar inntil 15 fot gratis, seier Istad. Mot innlevering av skjema får dei som kasserer båten ein vrakpant på 1.000 kroner. Dette gjeld også større båtar.

Sjekkar alt
Og for selskapet kan båtvraket bli ei god inntektskjelde.

– Vi tek først ein skikkeleg gjennomgang av båten, der vi sjekkar alt frå type material til avfall. Vidare blir straum kopla frå og elektrisk anlegg fjerna. Olje og vatn blir tappa ut. Så blir material demontert og det blir gjort ei vurdering av motor og delar. Det blir enten sendt til gjenvinning eller er egna for gjenbruk. Og i gjenbruk ligg det ein stor såkalla pluss-verdi for oss. Vi planlegg ei nettside der vi skal annonsere motorar og delar, opplyser Istad.

Viking Gjenvinning trur dei skal klare å gjenvinne eller gjenbruke 30 til 40 prosent av innhaldet i større fritidsbåtar, resten blir sendt til deponi. For mindre båtar er delen høgare, der kan 100 prosent kome til nytte igjen – på eitt eller anna vis.

– Materialgjenvinning er gjerne ein omstendeleg prosess, men fullt mogleg å få til. Og vi ser heile tida etter alternative løysingar, for eksempel for gjenvinning av plast til granulat, som blir brukt i produksjon av nye varer.



BRUKBAR: Eldre båtar har ikkje dokument som viser materialval. Eit måleinstrument blir nytta for å slå fast kva type material delane er laga av. Denne propellen er av messing. FOTO: STAALE WATTØ

Står på fleire bein
For selskapet driv ikkje berre med opphogging av båtar. I tillegg til plast tek dei inn nøter, garn og tauverk frå fiskeflåten. Fiskeoppdrett og fiskeindustri har også kassert utstyr som skal handterast.

– Vi er tidleg ute med ein ny industri og gjer god butikk med dei statleg tilskotsordningar som ligg der i dag. Men dette er også miljø-idealisme. Vi må klare å utnytte tilgjengelege ressursar på ein langt betre måte enn vi gjer i dag, seier Istad.

Back to content